Fylkesleders blogg

Monday, November 03, 2008

Slutt

Eg lik ikkje bloggar der oppdateringa brått stoppar opp, og det ikkje kjem nokon forklaring på kvifor. Men brått har eg innsett at eg held på å møte meg sjølv i døra: Det er godt over ein månad sia eg oppdaterte sist, og eg har ikkje kommi med nokon orsaking for det. No vel eg rett og slett å avslutte denne bloggen, i alle fall enn så lenge. Eg er alt for oppteki til å blogge, og har samstundes ikkje nokon inspirasjon til å komma opp med nokre gode politiske innlegg. Og bileteblogging tek for lang tid.

Dessutan er eg ikkje fylkesleiar i Senterungdomen lenger, og eg har ikkje fantasi til å komma opp med nokon ny bloggtittel. Så dette blir førebels min sorti, kanskje eg startar oppatt når eg byrjar å synest at politikk er superartig att. Akkurat no er det eigentleg ikkje det.

Monday, September 22, 2008

For hausten den er ein klisjé ...

Lars Lillo-Stenberg syng som kjent at "våren den er en klisjé". Eg meiner nå at det er hausten som er ein klisjé, i alle fall for amatørfotografar som er ute etter gode bilete. På denne tida av året er det berre å gå ut ein tur på eftan ein solrik dag, så kjem motiva flygande og nærast stangar deg ned.



Utsikt mot innramma haustleg landskap. Biletet er teki på Pentagon (studentboligane på Ås).



Gule lønneblad i motsol.



Fleire blad i motsol, her bjørk :)



Disig oversiktsbilete mot Korsegården.



Geitskjeggen blomstra framleis i vegkanten ved GG-hallen.

Friday, August 08, 2008

Kjøss meg i Rauma

Eg held fram med bileteblogging, sia det gjer at eg kan oppdatere bloggen utan at eg treng å vera alt for kreativ og skrive mykje rart. No har turen kommi til Raumarock, som fann stad på Åndalsnes forrige helg. I og med at det kan vera litt dumt å ta med seg eit heilt nytt og ganske dyrt kamera på konsert om kvelden har eg berre bilete frå Black Debbath under sjølve festivalen. Dei spela til gjengjeld mellom anna ein song som var tilegna Åndalsnes, med tittelen "Kjøss meg i Rauma. Og dei hadde med ei lokal jente til å synge. Slikt er artig :)

Elles var Raumarock ei fantastisk oppleving, moglegvis med Kaizers Orchestra på laurdagskvelden som høgdepunktet (men det var utruleg mykje anna bra der òg).



Vi stoppa ved Trollveggen på tur opp, og såg plutseleg at det kom masse raud røyk opp frå toppen av Romsdalshorn. Seinare fann vi ut at det var eit band (Gothminister) som hadde hatt konsert oppå der akkurat når vi stoppa.



Black Debbath på scena i ei eller anna slags kampsportdrakt



Vokalist Lars Lønning og ei ifrå publikum demonsterer feministisk sjølvforsvar. Eit kosteleg innslag som garantert ville sett Fairtrade-teen i halsen til fleire SUarar eg kjenner ;)



Eit tøft bilete av gitarist Aslag Guttormsgaard



Framføring av "Kjøss meg i Rauma"

Monday, August 04, 2008

Solformørking

For nokre dagar sia var det solformørking. Her i Sør-Noreg var han ganske langt frå total, men det gjekk likevel an å sjå at delar av sola var borte. Eg eksperimenterte litt med zoom, lukkartid og blender medan formørkinga gjekk føre seg, og greidde til slutt å få eit ganske bra bilete. Eg har lagt det ut under.

Elles kan eg nemne at eg no er på botanisk ekskursjon i Tydal, og at Raumarock i helga var dritkult. Eg kjem tilbake med fleire bilete og sånt seinare!

Thursday, July 31, 2008

Frå NU-sommarleir

Eg vitja sommarleiren til Natur og Ungdom i dag. Det var i grunnen ganske gøy. Eg måtte gå ein debatt òg. Det var kanskje ikkje like gøy, men heilt sikkert lærerikt. Motdebattantane mine var leiarane i KrFU, Unge Høgre og SU og ein nestleiar frå AUF, så eg følte meg kanskje litt som underdogen i panelet. Men lell, det var artig. Elles var både Målungdommen og Ungdom mot EU der, og det var kult :)

Eg har lagt inn nokre bilete i dag òg. Dei er teki på leiren.



NU-køyretøy



Låvebru-banner



På NU-leir er det alvor!



Målungdomar i heftig diskusjon



Innkøyringa til leiren (på Malungen, mellom Stange og Odalen)

Wednesday, July 30, 2008

Bileteblogg i sommarvarme

Heisann, eventuelle folk som måtte slenge innom bloggen. Etter halvannan månad utan oppdateringar har eg ikkje trua på at det er så mange, men nokon må det jo vera. Eg har no hatt grundig sommarsferie. Eg har slappa av heime, eg har vori på tre sommarleirar (der eg ikkje slappa av fullt så mykje på enkelte av dei), og eg har vori på familieferie i Krødsherad. Og no til helga dreg eg på Raumarock, før det bêr opp på fjellet i Sør-Trøndelag og ei veke botanisk ekskursjon. Og så er det studiestart på Ås!

Enn så lenge har eg no fått meg eit nytt kamera. Det er eit Nikon D60, og eg kjøpte med både 18-55 mm og 55-200 mm objektiv. Så eg skal fotografere mykje framover no. Akkurat no er eg i utprøvingsfasen, og eg har derfor laga ein litan bileteblogg under. Motiva er henta heimefrå og teki i dag.



Utsikt over Ringsaker, med tordenværsskyer i bakgrunnen.



Eit bilete teki av hagen vår, med huset til naboen i bakgrunnen



Nærbilete av perleevigblom



Katta vår, Brandy, "in action"

Tuesday, June 17, 2008

Bye bye, Lisbon

Eg tek meg den fridommen å ta ein litan pause frå bloggepausen med ei engelsk overskrift. For den siste veka har eg vori i Irland og vori vitne til folkeavrøystinga der. Det var utruleg gøy, ikkje minst å vera vitne til at underdogane (altså neisida) tapa. Dette skuldtast nok i grunnen slett arbeid frå jasida, som alt trudde at dei hadde vunni, saman med ei fantastisk mobilisering frå neisida.

Det mest artige, eller moglegvis tragiske, har likevel vori å sjå reaksjonane frå det eg vel å kalle "EU sin aller mest trufaste kyrkjelyd" - også kalla den norske jasida. Her sitt dei heime på Berget (Grete Berget, faktisk) og proklamerer at propagandaen vann, at irane vart skremt frå å stemme ja, at demokratiet blir svikta og ikkje minst at Lisboatraktaten, i likskap med alt anna EU gjer, er eit heilt fantastisk dokument som skulle ha vori vedteki utan meir om og men. Eg trur aldri eg har sett nokon møte seg sjølv i døra så stygt før. For kven var det som berre spela på kjenslar og frykta for at Irland skulle bli ståande utanfor Europa? Jo, den irske jasida. Kvar opplevde vi den mest einsidige propagandaen eg har sett nokonsinne? Jo, hos EU-kommisjonen i Dublin. Og kven er det som overstyrer demokratiet og folk flest sin rett til å si sine meiningar om Lisboatraktaten? Jo, toppleiinga i EU og parlamenta i dei enkelte landa.

Den norske jasida treng å læra ei ganske enkel lekse, og den går som følgjer: Sjølv om du er tilhengar av noko, treng du ikkje å følgje slavisk alt denne/dette/eit eller anna anna skulle finna på. Neste alle av dei som jobba aktivt mot Lisboa-traktaten i Irland er EU-tilhengarar - men EU-tilhengarar som ønskjar seg eit andleis EU enn det elita styrer mot. Når folket i eit land røystar ned ein traktat med såpass stor margin (7 %), blir det for dumt å avfeie det med at dei som røysta nei var ein haug med ultrakonservative og fryktsamme tullingar. Det å lytte til signalar frå grasrota er faktisk ganske viktig. Kanskje både EU og den norske kyrkjelyden deira burde ta seg tid til å stoppe opp og gjera nettopp det i alle fall ein litan stund, før dei turar vidare i arbeidet med å prøve å tre traktaten ned over hovudet på folk. Mot deira vilje.